Nyhende

Her kan du lese litt om det som rører seg hos oss i Sunn Omsorg.

Ha ein fin dag!

Helsing Janne og Gunn

VINN EIN ADVENTSKALENDER verdi kr 2000,-

Kva må eg gjere?

1. Lik nettsida vår

2. Meld deg på nyhetsbrevet vårt

Bli med i trekkinga av ein adventskalender frå Gåver og Leiker på Sæbøvik, verdi kr 2000,-

Me trekk ein heldig vinnar 30. november!

MELD DEG PÅ HER:https://sunnomsorg.no

Aldersgrense 18 år

🌸 Kva kan me hjelpe deg med 🌸

Ein kan forstå at du kan bli usikker på kva me i Sunn Omsorg kan hjelpe med.

-Me har fokus på att nettopp du skal ha muligheten til å bestemme dette sjølv.

Noko av det me gjer :

🌱 Praktisk bistand/vask-Her bestemmer du kva som skal bli gjort.

🌱 Hjelp til divers innkjøp

🌱 Noko sosialt feks kafé,konsertar,tur mm.

🌱 Ein go samtale med ein kopp kaffi.

🌱 Følge

🌱 Mot jul har me vask hos alle husstandar som måtte ønske det.

🌱 Personleg hygiene.

🌱 Julebakst, gå å sjå på jula i bygdene, henge opp julegardiner, kjøpe juleblomar eller lage god julemiddag.

🌱 M.m

Ta kontakt med:

Gunn 48123557

Janne 96018390

Dei to siste helgene har me vore utstillar på koselege julemarkanader rundt om kring.

20.-21. november var me på Halsnøy Kulturhus og 26. og 27. var me å finna på Stord Kulturhus. Så mange flinke folk som finst rundt om kring i bygdene våre! Me er heilt imponerte!

I dag har me stått på stand på Kvinnherad kommune sin seniordag.

Dagen hadde fokus på velferdsteknologi og småhjelpemiddel. Eit viktig og ikkje minst nyttig fokus framover.

God musikk var det også!

Kjekt me fekk komma å være med!

Psykisk helse

Psykiske lidingar og plager er vanlig også hos eldre og kan oppstå i alle aldrar.

Nokon eldre har levd lenge med psykiske utfordringar, andre kan ha vært friske heile livet før dei treng psykisk helsehjelp i høg alder.

Psykiske lidingar hos eldre er i hovedsak som for yngre, men det er likevel nokre viktige forskjellar i symptom og konsekvensar. I utredning og behandling må ein ta omsyn til aldring, kognitiv funksjon, samtidige sykdommar og legemiddelbruk.

Eldre menneske har ofte sammensatte utfordringar og mindre kapasitet til å handtere disse. Både biologiske, psykologiske og psykososiale faktorar er viktige når det gjeld psykiske lidingar.

I følge Aldring og helse er fysisk aktivitet viktig for å oppretthalde god helse i eldre år. Regelmessig mosjon er blitt en naturlig del av behandlingstilbudet ved psykiske lidelser hos eldre.

Kjenner du nokon som hadde hatt nytte av å vore med oss i Sunn Omsorg på tur?

Ynskjer du å snakke med oss ansikt til ansikt i tida fram mot jul?

Du finn oss mellom anna på ulike Julemarknader i nærleiken


Her er ein oversik over kvar du finn oss:

20-21. November Julemarknad Halsnøy Kulturhus

26-28. November Julemarknad Stord Kulturhus

4. desember Julemarknad Fjelberg Prestegard


Ellers er det også mogleg å ringe 48 123 557 for ein uforpliktande prat eller sende ein e- post til post@sunnomsorg.no

Depresjon

Ein tilstand som er annleis enn det å være trist, ensom eller ha sorg. Depresjon er ei psykisk liding som blir kjenneteikna av eit sett typiske symptomer, som pessimisme, kjensle av at ting er håplause, lite initiativ, tap av motivasjon, interesse og evne til å gle seg over ting. I tillegg til dette kan matlyst, søvn, konsentrasjonsevne og hukommelse bli påverka.

Depresjon rammer alle lag av befolkninga og er ein av dei vanligaste årsakane til redusert livskvalitet ifølge Verdens helseorganisasjon. Nokon hevdar at eldre er meir utsett for å utvikle depresjon enn yngre.

Diagnostikk og behandling av eldre med depresjon kan være utfordrande, grunnen til dette kan være at mange eldre har fleire sjukdommar samtidig eller høgt medisinforbruk. I tillegg kan depresjon hos eldre presentere seg på måter som ikkje alltid er «typiske». Dette kan være med på å gjere at ein brukar lengre tid på å fange opp ein depresjon hos eldre.

Husk- sjølv om depresjon er noko anna enn det å være trist, einsam eller ha sorg. Må ein hugse på at disse livstilstandene kan utvikle seg til depresjon. Derfor er det så viktig at det finnes alternativ som kan førebyggje ensomhet eller sorg, før depresjonen får fotfeste.
Informasjonen i teksten over er henta frå nettsida til Aldring og helse.

ERNÆRING.

Me legg stor vekt på god mat!

At ein skal få det ein ynskjer og at det skal væra innbydande.

Me lagar gjerne maten fra botnen av.

Gjerne sammen med deg. Det å ete sammen med nokon gjer ofte at matlysta blir betre.

Om du har lyst kjem me heim til deg, handler, lagar middag og et saman med deg.

Kva me skal gjera er det du som bestem.

Dette er ei teneste som gjer oss varm i hjarta og me likar godt å tilby!

Julehandling?

Treng du hjelp til å handle julegåver, nye klede eller har du berre lyst til å ta ein tur ut å kikke litt?

Ta kontakt med oss i Sunn Omsorg så kjem me å hjelper deg!

Tlf: 48 123 557 eller post@sunnomsorg.no

Farsdag 14. November

Har du også ein pappa som har alt han treng?

Kva med eit gåvekort frå Sunn Omsorg?

JULEVASKEN

Treng du vask/nedvask til jul?

Me i Sunn Omsorg tilbyr nå vask av hus for alle som måtte ønske det:- Helgevask- Vindusvask- Vask av kjøkkeninnredning- Utvask til jul tak/vegger mm

November og desember er travle månedar for oss, så ta kontakt kjapt om du vil vera sikker på å få vask i god tid.

Tlf: 48 123 557 eller post@sunnomsorg.no

Kvifor få hjelp fra Sunn Omsorg?

Me ynskjer at du skal ha det best mogelg- og me er alltid her for deg!

Med hjelp frå Sunn Omsorg kan du bu heime lengst mogelg og bruka kreftene dine på det du likar best.

Det synst me du fortener!

DEMENS

-Eit samlebegrep for fleire kroniske, uhelbredelige hjernesjukdommar.

Demenssjukdommane fører over tid til endringer av kognitive funksjonar: f.eks. hukommelse, språk og orienteringsevne og svekker evnen til å fungere i dagliglivet. Demens opptrer vanligvis hos vaksne eldre enn 65 år, og forekomsten aukar med alderen. Også yngre personer (før fylte 65 år) kan få demens.

I følge Aldring og helse anntar ein at 101 000 nordmenn har ein eller anna form for demenssjukdom. Vel 10 000 nye personer får ein demensdiagnose kvart år. Fordi me lever lenger enn før, vil fleire utvikle sjukdommen. Meir enn kvar tredje person i alderen 90 + har demens.

Hos dei fleste som utviklar demens, finn ein ingen direkte årsak. Arv kan ha en viss betydning, det kan også andre sjukdommar og uheldige livsstilsvaner.

Ein har til nå ikkje funne noko kur mot demens. Medisiner kan dempe/bremse symptom hos nokon. Ein viktig del av oppfølginga er å oppmuntre til eit så aktivt liv som mogeleg. Ved å bruke både hovudet og kropp kan sjukdomsutviklinga truelg bremses. Det vil også gi den enkelte bedre dagar. Etter kvart som sjukdommen utviklar seg, vil omsorgsbehovet auke. Stimulering av sanser som syn, hørsel, berøring, lukt og smak, også omtalt som miljøbehandling, kan gi personer med demens bedre liv og bidra til bedre dager for de pårørende.

Me i Sunn Omsorg er her for deg som har demens eller deg som er pårørande til nokon med demens.

Handletur?

Heldigvis er det mogeleg å bestille seg varer å få desse levert heim på døra!

Men av og til er det kjekt å få ta seg eit tur ut å sjå på det ein skal kjøpe. Sjå om det er komme noko nytt i butikken, snakke litt med kjensfolk og kanskje ta seg ein liten kopp kaffi på ein kafe.

Det er ikkje alltid like lett å klare dette på eigenhand når helsa ikkje er som ho ein gong var.

Nokon kvir seg også for å gå ut åleine.

Då kan det være godt å vete at me i Sunn Omsorg er er for deg!

Ring oss i dag så avtaler me ein dag som passer.

Det nermer seg jul

Tidlegare år har me sett at det hopar seg opp med oppdrag tett oppunder jul, for å være sikker på at du får den hjelpa du treng i god tid før jul er det viktig at du tek kontakt med oss i god tid.

Henge opp julegardiner, julepynt og baking? Kva treng du hjelp til?

Når smaker maten best?

Me i Sunn Omsorg kjem gjerne heim til deg og bistår deg med å handle middag, lage middag eller bake. https://forskning.no/…/eldre-fikk-mer-matlyst-nar…/1847812

Lurer du på korleis du får hjelp frå oss i Sunn Omsorg?

Kanskje har du ikkje hatt behov for hjelp i heimen før?
Det er enkelt å få hjelp frå oss i Sunn Omsorg.

Her treng du heller ikkje fylle ut noko søknadsskjema, eller vente på vedtak

  1. Ta kontakt med oss: gjerne på telefon:
    48 123 557 eller på e- post: post@sunnomsorg.no

2. Me kjem på heimebesøk til deg og skreddersyr ein teneste som passar for nettopp deg.

3. Du får hjelp frå oss!

Til deg som er pårørande

Me i Sunn Omsorg er her for deg- me veit kor krevjande det kan være å ha ansvar for eldre med omsorgsbehov.

Me kan avlaste deg og være der for dine næraste.

Støttekontakt?

Ein støttekontakt skal hjelpe ein anna person til å ha ei aktiv og meningsfylt fritid.

Hvis du har behov for, og ønsker å få en støttekontakt, men ikkje fyller kriteria for å få innvilga dette i din heimkommune kan me i Sunn Omsorg hjelpe deg med dette.

Hugsar du husmorvikaren?

Frå wikipedia: «En Husmorvikar var et yrke etablert for å avlaste småbarnsfamilier i de tilfellene der kona/husmora på grunn av fødsel, sjukdom eller av andre årsaker ikke lenger kunne utføre de daglige gjøremål. Arbeidet var særlig knyttet til stell og omsorg for barn, matlaging og rengjøring. Ordningen med kommunalt ansatte husmorvikarer ble igangsatt like etter andre verdenskrig».

Fram til ca. 1970 var husmorvikarordningen ein viktig del av kommunane sitt sosialtilbod. Særlig frå 1970-tallet vart vikarenes arbeidsområde utvida til også å gjelde eldre.

Hadde det ikkje vore flott å hatt eit slik tilbod i dag også tenkjer du kanskje?

Ta kontakt med oss i Sunn Omsorg me kan hjelpe deg med alt det husmorvikaren kunne!

Nye brosjyrar

Då har me endeleg fått nye og oppdaterte brosjyrar. Kjenner du nokon som kunne hatt bruk for ein?

Folk i sentrum 2021 – Stord kommune

I helga er det Folkefest i Leirvik sentrum!

Laurdag 25.09.21 finn du oss utanføre Stord Helsepark KL 10-14

Kom gjerne bortom å slå av ein prat

KVARDAGSGLEDE

Det er ikkje alltid så mykje som skal til!

I dag vart me glade av å sjå at det var kommen Sunn Omsorg skilt både utanføre det nye kontoret vårt & navneskilt i heisen i Stord Helsepark.

Gurimalla kor GØY!!!!

GÅVEKORT?

Kjenner du også ho/han som har absolutt alt? Den som er heilt umogeleg å finne gåve til?
Då har me i Sunn Omsorg løysinga🤩
Me har akkurat fått ein ny ladning med GÅVEKORT på lager🤩

PSSSST!!!!! 14. november er det farsdag. Kva med å gje ei oppleving i gåve i år? Kva med ein koseleg tur? Baking? Eller eit gåvekort? Me i Sunn Omsorg har mage ulike tilbod. Ta kontakt med oss på tlf 48 123 557

🍂🌱TUR ER GODT FOR SÅ MYKJE 🌱

Ein tur ut har ein veldig god helsegevinst for oss mennesker :

Det er svært godt for psyken.

Diabetes

Hjarte- og karsjukdommar.

Holde muskulaturen oppe.

Forbedring av hjernen.

Godt for skjelett og ledd

Og mykje meir.

Det å få komme seg ut på tur i rullestol eller til beins er bra både psykisk og fysisk!

Me som jobber i Sunn Omsorg hjelper deg gjerne med dette.

Nå er lufta frisk og god og fargane fine.

Hos oss kan du få fast dag med samme person som kjem å hentar deg.

Tur og kaffi på termos- er blitt ein populær aktivitet hos oss i haust 🍂

Me er her for deg

Me ynskjer å være ein fleksibel leverandør av allsidige tenester til deg som kunde.

For oss er det viktig at DU:

• Opplever besøket som meiningsfylt

• Får den hjelpa du treng

• Opplever tryggleik og stabilitet

• Opplever at me kjenner dine ynskjer og rutinar og gjer jobben grundig.

Viste du at me tilbyr GRATIS heimebesøk?

Kjenner du nokon som fyller år snart? Du veit den personen som har alt? Kva med å gi eit gåvekort frå Sunn Omsorg?

Me ynskjer hjelp av deg som brukar av tenestene våre til å utvikle å forbetre oss.

Finnes det nokre tenester du saknar for deg sjølv eller for dine nermaste?

Kanskje har du vedtak på praktisk bistand (heimehjelp) frå kommunen i dag? Det går heilt fint å kombinere dette med andre tenester frå oss.

Fortel oss dine behov – så finn me ein løysing i lag.

Me ynskjer å være ein fleksibel leverandør av allsidige tenester til deg som kunde.