Tenester

Kva kan Sunn Omsorg bidra med? – spør oss heller kva me ikkje gjer.

Vårt mål er å skreddersy løysningar for deg eller din famille, slik at de får ein best mogleg kvardag.  

Me er her for deg.

Praktisk hjelp i heimen

Med praktisk hjelp i heimen (heimehjelp) kan du få hjelp til det du sjølv ynskjer. Dette kan være oppgaver du ikkje klarar sjølv, eller oppgåver du ikkje ynskjer å bruke tid på å gjere sjølv. Me vil så godt det lar seg gjere tilstrebe at du som brukar har faste personale å forhalde deg til. Våre tilsette er handplukka, for oss er det viktig at oppgåvene vert gjort grunndig og at du kjenner deg ivaretatt. 

Me kan bistå med praktiske oppgåver i heimen- slik at du kan bu heime lengst mogelg eller bruke kreftene dine på det du likar best. Kanskje er det reinhald eller sengeskift du treng hjelp til? Eller er det hagaerbeid?  Eller kanskje er det handle daglegvarer og lage middag? Følge til legebesøk? Skal du ha gjester og treng litt hjelp på kjøkkenet denne dagen? Kan hende du ynskjer å ha nokon som kan være med deg ut på tur? eller dele opplevingar med.

Me er her for deg uansett behov- ta kontakt for å diskutere dine behov så skreddarsyr me ein løysning som passar nettopp for deg. 

Me ynskjer å være ein fleksibel leverandør av allsidige tenester til deg som kunde.

For oss er det viktig at du som brukar:

  • Opplever besøket som meiningsfylt
  • Får den hjelpa du treng 
  • Opplever tryggleik og stabilitet
  • Opplever at me kjenner dine ynskjer og rutinar og gjer jobben grundig

Det er du som brukar som bestem kva du treng hjelp til, og kor ofte. Me kan komme på eit uforpliktande og gratis heimebesøk og tilpasse tenestane våre til ditt behov. 

Me er opptatt av at alle skal ha ein trygg, men også aktiv og meiningsfull kvardag. Fysisk aktivitet er viktig i alle aldrar- våre tilsette kan ta deg med ut på tur om du ynskjer dette. 

Me tilbyr:

  • personleg hygiene: dusj, påkledning, stell og toalettbesøk
  • storreingjering
  • vindusvask
  • vask av kvitevarer
  • matlaging: førebu måltid, også saman med brukar
  • baking
  • innkjøp
  • skifte sengetøy
  • klesvask- legge saman klede- stryke klede
  • skifte lyspærer, henge opp gardiner, pusse sølvtøy
  • sosiale aktiviteter
  • lufte hunden
  • trening med strikk
  • følge på kortare eller lenger turar/reiser: til dømes: lege/tannlege/galleri/museum/konsertar med meir
  • lettare hagerbeid og bortkjøyring: luking, plenklipping, hekk trimming
  • lett stell av hender og føter

Hos Sunn Omsorg får ein assistanse til praktiske gjeremål og heimehjelp så mykje ein ynskjer. 

Du treng ikkje fylle ut søknadskjema eller få innvilga vedtak.

Omsorg og pleie ved livets slutt

Me har kreftsjukepleiar tilknytt Sunn Omsorg. Dette inneber at me kan være der for deg og dine i denne fasen av livet.  Ynskjer du å få være heime lengst mogelg, vegleiing kring rettighetar, smertelindring, er du pårørande og treng nokon å snakke med eller har du andre spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.